Eldrepedagogikk
På denne sida finn du informasjon om:
- Eldrepedagogikk
- Skrivekursa i Hordaland
- Samla oversikt over artiklar og rapportar
- Tonen og glaset - pedagogisk arbeid med eldre og verbal kreativitet
"Bør ikkje omsorg også omfatte det åndelege behovet?" spør Oddgeir Synnes i artikkelen Eldre_og_verbal_kreativitet.PDF.
Eldrepedagogikk
I Hordaland har ein arbeidd med eldrepedagogikk sidan 1998, og i norsk samanheng er dette eit pionèrprosjekt. Målet er at eldre skal få kome fram med erfaringar, minne og kunnskapar, og at dette kan nyttast kreativt. Prosjektet står bak ei rekkje kreative skrivekurs for eldre med oppsiktsvekkjande gode resultat. Erfaringane er m.a. at kreativ skriving har ein terapeutisk effekt og at deltakarane produserer gode tekstar. Gjennom kurs for skrivekurshaldarar har det også blitt igangsett skrivekurs for eldre andre stader i landet, m.a. i Rogaland og Nordland.
Høgskolelektor Oddgeir Synnes har vore koordinator for prosjektet sidan starten. Frå våren 2006 har han leia eit nytt prosjekt som heiter ”Kreativ skriving som omsorg”. I løpet av ein treårsperiode vil det bli sett i gang kurs i kreativ skriving og forteljing for alvorleg sjuke og døyande ved Sunniva Hospice og ved Bergen Røde Kors Sykehjem. Prosjektet er eit samarbeid mellom Betanien diakonale høgskole og Norges Røde Kors, og er finansiert av Helse og Rehabilitering.
Les også artiklane:
Eldre_og_verbal_kreativitet.PDF
Artikkel i Aldring og Eldre 2/00, av Oddgeir Synnes
Kva_er_eldrepedagogikk.PDF og kvifor treng vi det?
Artikkel i Norsk Pedagogisk Tidsskrift 1/2002, av Oddgeir Synnes
Har du spørsmål om Prosjekt Eldrepedagogikk, ta kontakt med:
Oddgeir Synnes
Betanien diakonale høgskole
Vestlundveien 19, 5145 Fyllingsdalen
Tlf: 55 15 46 39
E-post: oddgeir.synnes@betanien.no
Skrivekursa i Hordaland
I dokumenta under finn du rapportar i ord og bilde frå skrivekurs som har vore i Hordaland frå 1999 til 2004. Om du vil lese tekstar frå dei enkelte skrivekursa, kan du velje i menyen for skrivekurs under Avansert søk.
- Om skrivekurs i Bergen, på Askøy, Osterøy, Bergen Røde Kors Sykehjem og Sotra: Skrivekurs1.PDF
- Om skrivekurs på Voss, Radøy, Fyllingsdalen og Slettebakken Menighets Eldresenter: Skrivekurs2.PDF
Samla oversikt over artiklar og rapportar
- Aldring_mening_mulighet.PDF
Læring som eldreomsorg
Rapport frå 3. Nordiske kongress i eldrepedagogikk, Bergen 3. - 5. april 2003 ved Ingrid Helleve og Jørgen Øydvin. - Bo_og_leveforhold.PDF
Eit eksempel frå Silkeborg kommune, av Jørgen Øydvin - Eldre_og_verbal_kreativitet.PDF
Artikkel i Aldring og Eldre 2/00, av Oddgeir Synnes - Eldre_i_skolens_kunnskapsformidling.PDF
Rapport frå prosjektet ”Eldre som ressurs i skolens kunnskapsformidling" (ERSK), av 1. amanuensis Kjell Fossen, 2001 - Eldreveven_presentert_i_Boston.PDF
Reportasje om Odd Sætre sin poster session ved IFLA 2002 i Boston - Kva_er_eldrepedagogikk.PDF
Og kvifor treng vi det?
Artikkel i Norsk Pedagogisk Tidsskrift 1/2002, av Oddgeir Synnes - Talentet_i_eldre_menneske.PDF
Kronikk i Bergens Tidende 23.02.99 av Oddgeir Synnes, Odd Sætre og Ragna Ådlandsvik
Informasjon på engelsk:
- Aging_and_Verbal_Creativity.PDF
Creative Writing for Elderly in the Library
Paper frå IFLA 2002 i Glasgow, av Oddgeir Synnes
Du finn meir engelskspråkleg informasjon ved å klikke In English.
Tonen og glaset
- Pedagogisk arbeid med eldre og verbal kreativitet
Tonen og glaset er skriven av Oddgeir Synnes, Odd Sætre og Ragna Ådlandsvik, som også er initiativtakarane til Prosjekt Eldrepedagogikk. Boka gir ei praktisk-metodisk innføring i korleis eldre kan stimulerast til verbal kreativitet, samstundes som denne verksemda blir sett inn i ein større teoretisk samanheng som peikar inn i eit nytt fagområde: eldrepedagogikk.
Berande prinsipp i boka er fokus på dei eldre sitt potensial, og ei oppmoding til samfunnet om å ta dette på alvor og revurdere og nyansere si oppfatning om kva eldreomsorg er. Boka etterlyser den plassen dei eldre sine mentale og åndelege behov får i denne samanhengen, og framhevar som sitt spesielle prosjekt det skapande elementet.
Boka er gitt ut på Høyskoleforlaget.
- Klikk her for å tinge boka frå forlaget
"Det er ei svært god og innsiktsgivende bok, båret fram av kjærlighet
til mennesker og forstandige tanker om hva undervisning handler om.
Ei bok til å bli inspirert og få forstand av for alle som er opptatt av pedagogikk.
Den bør bli obligatorisk for alle styrere av sykehjem og eldresentra.
Den viser oss nemlig noe viktig om språkets muligheter til erindring
og ettertanke, til lek og løgn, til menneskelig fordypelse og refleksjon.
Og at det aldri er for sent!"
Inge Eidsvåg


