Skrivekurs
Er skrivekurs noko for meg?
Når vi fortel om skrivekursa til eldre får vi ofte innvendingar som:
-Eldre kan vel ikkje skrive dikt og skjønnlitteratur?
-Eg kan ikkje vere med, eg har jo aldri skrive noko i mitt liv.
-Eg har jo ikkje noko å skrive.
-Eg er ikkje så flink med rettskriving, og det må ein vel vere for å gå på skrivekurs?
Ønskjer du å gå på skrivekurs?
Send oss ein e-post om du ikkje finn eit tilbod der du bor: redaksjon@eldreveven.no Kanskje de er fleire i same område som kan gå saman om kursønske til dømes til eit Senioruniversitet der du bor? Vi kan vere med på å få det i gong.
Ønskjer du å arrangere skrivekurs?
Kunne du tenkt deg å bli skrivekurshaldar? Send oss ein e-post: redaksjon@eldreveven.no
Høgskolelektor Oddgeir Synnes har halde ei rekkje kurs for nye kurshaldarar og vil arrangere nye kurs i framtida. Fleire nye kurs har blitt sett i gang med nye lærekrefter i Hordaland, Rogaland og Nordland. Du kan og få mange praktiske tips om oppgåver og metodikk i boka Tonen og glaset. Pedagogisk arbeid med eldre og verbal kreativitet.
Les meir om skrivekursa som har vore i Hordaland og erfaringane frå dei under Eldrepedagogikk.


