Til innholdet

Du er her: Blomar til henne

Blomar til henne

Av: Leif Vestad

Du klimprar varsamt på rustne strengar
finn mjuke tonar i aude sinn
og plukkar fram att små minnetrådar
som du vel kjenner så godt frå før
usynleg strålar dei for ein solblind-
når livsdag visnar og sakte blør

Du spreier om deg slik ro og varme
og svarer kjærleg på all min lengt
kan slette livstvil og sårbar harme-
dreg blygt til sides litt tankeslør
verdiar lever om mangt er avstengt
mens draumar sovnar og stille dør

Små fuglar syng sine avskilstonar
og lufta dirrar i sorgsam vind
Du har slik vilje som alt forsonar-
eg kjenner signing når du er nær
med mjuke hender og gode solkinn-
min takk til deg, du er meg så kjær!

Leif Vestad
 
Produsert av Mediesenteret ved Høgskolen i Bergen