Besøk
Herdis såg seg ikkje attende. Bak den høge porten låg dei store, grøne bygningane. Med mange etasjar og langarma tilbygg krøkte inn i kvarandre på kryss og tvers.
Ho heldt mora fast i handa og skulle aldri meir inn dit. Vekk frå alle dei kvite, stikkande luktene og dei kvitkledde folka som tala bymål så lett som ingenting og gjorde henne stum og mindre enn ho var. Rikshospitalet. Herdis likte ikkje det framande namnet.
Mora hadde bodd på hotell og kom kvar dag med bananar og eple som Herdis ikkje makta ete. For så snart klokka vart fire, kom dei kvitkledde skranglande med termometerskålene og mora måtte skunde seg ut att i lag med alle dei andre. I byen var dagane mykje lengre enn heime, endå dei sa at det var kvelden her lenge før sola gjekk ned og klokka viste berre fem.
- Kor har du kofferten, mor!
Herdis såg med ein støkk at mora gjekk så lett. Med handveske, berre. Men ho smilte, og hadde ingen farlege løyndomar;
- Kofferten står att på stasjonen, Herdis.
- Men kvifor det?
No måtte ho sjå vél på mora ein gong til. Toget skulle gå om kvelden, først, og hotellet låg like i nærleiken, visste ho. Heim att... Berre litt av sommaren var mista. Helgedagar og kvardagar sto heime og venta i lange rader. Lenger enn ein vann sjå framover i tida.
- Vi skal jo på besøk i dag, veit du.
Mora var glad i røysta. Peder, ja. Han som hadde bodd her mest heile livet. Mora hadde vitja fetteren like etter at dei kom til byen. Med lefse og flatbrød heimanifrå.
- Du kan tru det er eit fint hus, sa mora.
God plass, du verda! Peder hadde vist henne alle romma. Ho hadde fått middag, og "velkomen att" hadde han sagt. Herdis måtte hugse å takke for femkroneseddelen som han hadde sendt med mora den dagen.
Gatene var utan ende. Husa ruva som fjell, mest. Luktene var framande. Tilmed sola vermde på eit anna sett enn heime. Men i parkane vaks det tre og blomar, fontener som spruta vatn høgt til vers utan stans var der, og grøne benkar til å kvile på.
Dei tjukke, grå byfuglane neia seg fram mellom føter og bilar og fanst ikkje redde. Nikka og hakka. Flaksa dorske hit og dit. Sett slikt; ein kunne visst mest ha klappa dei, om ein ville! Eller mata dei beint ifrå handa.
Den store porten var borte bak dei no. Vaktmannen óg. Herdis hadde sett han den dagen dei kom. Han sat bak ei rute i grøn uniform og passa på.
I dag hadde ikkje mora spurt han om noko, og mannen berre nikka då dei gjekk forbi og visste nok at Herdis hadde fått lov til å reise heim.
Så fin mora var i dag! Med hatt og lyse sommarsko. Uvánt å sjå henne slik. Ho bar den tynne, grå sommarkåpa over armen i lag med handveska.
Dei stoppa rett som det var og såg på kartet som mora hadde med. Der sto namna på alle gatene i heile byen, så dei kunne ikkje gå seg vill. Det var berre å følgje den raude blyant- streken som viste veg heilt fram til døra.
Herdis hadde sett bilete av denne fetteren. Grå fotografi i det store familiealbumet, der born og vaksne sto i alvorlege rekkjer og såg rett fram. Peder hadde bodd i bygda heime då han var gutunge. Det var svært lenge sidan. Så lenge at mora knapt kunne hugse at dei hadde leika i lag. Dei vaksne sa han hadde vore så fæl til å erte, mintest Herdis.
- Er han snill no, mor?
Mora smilte;
- Visst er han snill...
Og mora visste meir: Berre Peder og den yngste sonen bodde i huset no. Dei to andre borna var vaksne og hadde familie sjølve.
Ei stor sorg hadde det vore for Peder då kona hans døydde for nokre år sidan. På kort tid vart han ein gamal mann, fortalte mora. Ho hadde vore så vakker, Edel. Rundt om i huset hang det mange bilete av henne på veggane. Og eitt år vart ho kåra til byprinsesse! Det var noko svært fint, det. Herdis hadde lese om slikt. Byprinsesser var like fagre som prinsessene i eventyra, minst.
- Skal vi kjøpe ein blomsterbukett, kanskje -?
Mora hadde stoppa framfor eit stort vindauge og sto og kika inn.
Visst skulle dei ha blomar med i dag! Dama i butikken blanda roser og prestekragar, og mora sa at dei trong ikkje pakkast inn.
Herdis bar buketten. Rosedufta blanda seg med bylukta, og den raude farga var så vakker mot det kvite.
- Dei høver godt til kjolen din, nikka mora.
Det var finkjolen, dette, sydd til syttande mai. Litt stor, slik at han skulle vare sommaren over, og kanhende heilt til neste vår. Med det kvite lakkbeltet gjorde det ingen ting at kjolen var i vidaste laget.
- Er det langt att no, mor?
Mora stansa straks. Ho såg ottefull på Herdis.
- Eg går visst her og gløymer meg reint bort! Og så du som har lege til sengs i fleire veker... Er du svært trøytt?
Herdis rista på hovudet;
- Det er berre så varmt...
No var det beine vegen eit lite stykke berre, så skulle dei vere framme, visste mora. Knapt fem minutt å gå, ville ho tru. Og ei råd med noko å drikke vart det nok óg snart.
Rosene var like fine. Dama i blomsterbutikken hadde vikla vått papir kring stilkane. Dyre var dei, men mora hadde kjøpt fem roser likevel.
- Tre eller fem -? hadde blomsterdama spurt, berre.
- Kanhende kjem dei på besøk til oss, kunne mora fortelje.
- Når då!
Ja.., dei hadde tala om å ta ein tur mot slutten av sommaren. Peder hadde sjøl sagt at det var så reint for lenge sidan sist, og at det var på tide. Han hadde tenkt på det rett som det var. Mora var glad i røysta att.
Besøk frå byen. Bybesøk. Det var eit ord til å smake på. Herdis kunne sjå det alt ihop; huset var budd som til gjestebod med helgedufter og helgelydar, om det så var ein måndag. Då brukte Herdis og søskena å få sove på madrassar på lofts-golvet. "Mørkeloftet", kalla dei det.
For det fanst berre eitt soverom heime. Der fekk gjestane plass. Etter at alle dei andre var i seng, reidde mor opp til far og seg på divanen i stua. Soveromssengene fekk kvite
hardangersaumlaken på. Dei var berre til finbruk.
- Veit du det sikkert, mor?
Dei ville nok nemne det att i dag, meinte mora.
Ho hadde stoppa og kjende seg att. Så opna ho ein svart smi-jarnsport, og Herdis følgde tett etter mora over dei flate, grå steinhellene som førde fram til huset. På begge sider sto tunge syrintre og anga alt dei vann. Huset var gult og strekte seg høgt til vers. Peder bodde i andre etasje, visste Herdis.
No trykte mora på ein svart knapp ved sida av den låste gate- døra. Ho smilte til Herdis. Fór over håret hennar så snarast;
- No får du hugse å helse fint, då...
Herdis stelte seg bak mora. Handflatene var fuktige av grepet kring buketten. Ho strauk fingrane fort i smug mot kjole- skjørtet.
Enn om han ikkje var heime... Ingen trinn var å høyre i trappa. Men så vart eit vindauge opna over dei. Ein ung gut stakk hovudet ut. Han var travel i augo og heldt ei bok i den eine handa.
- God dag, sa mora. - Er han Peder heime -? Ja, eg sende eit kort...
Herdis kika fort oppetter veggen. Guten verka kjent. Dette var den yngste sonen, skjøna ho. Han likna på faren, på fotografiet heime.
- Far kviler. Var det noka beskjed -?
Mora tok eit lite steg bakover. Ho såg seg omkring, augo fór uvisse over Herdis og buketten.
- Nei.., eg...
Røysta hennar vart borte. Smuldra vekk, liksom.
Det small i vindauget der oppe, og guten var ikkje lenger å sjå.
-Kva er det, mor?
Herdis nappa i kjoleermet hennar. Mora sto med ryggen til og leitte etter eitkvart i veska si.
- Han har nok ikkje fått kortet mitt. Det er jo berre tre dagar sidan eg skreiv...
Sola skein på dei øvste vindauga i det himmelhøge huset.
Ein blå trikk skromla sakte forbi.
Ettermiddagsskuggen følgde gatene, som hella svakt nedover der dei gjekk. Mora visste om ein kafé der dei kunne kjøpe alt det Herdis ville ha av kaker og brus.
No hadde dei tid til å vitje slottet og. Mor hadde fotoapparatet med i veska og skulle ta bilete av Herdis framføre Kongen sin bustad og dei staselege gardistane. Dei trong ikkje skunde seg heller, for toget gjekk ikkje før i kveld.




