Den blanke våren
Rommet var lysegrønt. Med kvite blondegardiner. Det dufta alltid grønsåpe der inne.
Sengekleda var kvite og stive, og lufta sval. Slik hadde det vore i vekevis, og dei visste alle at ho skulle døy. Den gamle kjende sanninga best av alle. Men ho såg på dei med milde og trygge augo. Hendene hennar hadde vorte så underleg svake å halde om. Tørre og mest gjennomsiktige.
Det var påske. Kring bærbuskene åt dei svarte moldringane seg utover, og med eitt slo snøklokkene tett ring kring røtene, medan våren opna bekkane og elvene sleit med tung is, og vårfonner buldra dag og natt i liene.
Himmelen var høg og klår og dei unge, sterke og fredlause drog til fjells for å møte sola.
Då kvelden kom og dei vende heim att, vart dei møtt av ei ny og framand stille i alle rom, og dei visste at no var ho ikkje til meir. Besta. Aldri meir.
Ho skulle ikkje flyttast denne kvelden. Den siste, stille kvila under same tak som dei levande, uroa ingen i svevnen.
Noko som var nytt, men likevel velkjend, fylte huset. Hjå dei vaksne låg det i rørsle og tale. Roa var som eit sterkt, levande band frå den eine til den andre. Ei slags lette òg, i kjøkenet, der dei vaksne sat og tala saman .
Vindauga i det grøne rommet sto opne, og dei lette gardinene fyltest av vårvèr og falda seg ut. Dei hadde stelt henne og opna dørene inn til stuene. Der inne var stolar stelte i rekkjer langsmed veggane, med plass til mange. Dei fleste som sat der, var gamle, som ho, med faste handtrykk og rolege blikk. Talen var utan store ord. Ein etter ein gjekk dei stilt over golvet inne i det grøne rommet og forbi kista.
Fjelltoppane var nære. Sto der og liksom strekte seg sitrande etter dei siste strålane av påskesola. Steig og steig i lag med kald luft og klåre fugletonar.
Ei tynn, varm Bestemor-arm kjendest mot ryggen;
- Står du her, jenta mi..? Skal du ikkje sjå henne? Ho er så vakker der ho ligg.
Dei gjekk sakte over dørstokken, tett saman. Den gamle kvilde, kledd i kvitt, med falda hender. Fletta låg mjukt inntil andletet. Ho såg så nøgd ut. Glad, mest…
Rommet var lyst som kvelden ute. Lyst og grønt som våren. Og fløytetonane frå skogen bak huset blenkte i stilla.